Mulvik As

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Mulvik As Lokalt forankra - fagleg leiande. Hovudkontor i Volda, delkontor i Stryn og Nordfjordeid.

Rådgjevande ingeniørtenester med profesjonelle løysingar innan prosjektering, planarbeid, kommunalteknikk, oppmåling, byggleiing, verdivurdering og taksering.

11/06/2026

Skal du selje bustad?
Når ein bustad skal skifte eigar, er god dokumentasjon viktig for både kjøpar og seljar. Ein grundig tilstandsrapport gir betre oversikt over bustaden og bidreg til ein tryggare handel for alle partar.
Difor er vi glade for å kunne fortelje at Kay Are Urkegjerde no er sertifisert for å utføre tilstandsrapportar.
Sidan han starta hos oss i februar har han gjennomført omfattande opplæring og sertifisering, og er no klar til å hjelpe bustadseljarar på Sunnmøre og i Nordfjord med den dokumentasjonen dei treng for eit trygt og ryddig bustadsal.
For deg som skal selje betyr det:
✔ Eit betre grunnlag for salet
✔ Auka tryggleik for kjøpar og seljar
✔ Dokumentasjon som oppfyller gjeldande krav
Vi er stolte over å styrke fagmiljøet vårt vidare, og ønskjer Kay Are lykke til med dei første oppdraga.
Treng du tilstandsrapport eller takst? Ta kontakt med Kay Are, tlf 915 49 560 eller mail [email protected]

Lokalt forankra - fagleg leiande.
Hovudkontor i Volda, delkontor i Stryn og Nordfjordeid.

Rådgjevande ingeniørtenester med profesjonelle løysingar innan prosjektering, planarbeid, kommunalteknikk, oppmåling, byggleiing, verdivurdering og taksering.

Vi er resertifisert som MiljøfyrtårnVi er stolte over å kunne dele at Mulvik AS igjen er resertifisert som Miljøfyrtårn....
08/06/2026

Vi er resertifisert som Miljøfyrtårn

Vi er stolte over å kunne dele at Mulvik AS igjen er resertifisert som Miljøfyrtårn.

Resertifiseringa er ei stadfesting på at vi jobbar systematisk med miljø, berekraft og samfunnsansvar i kvardagen. For oss handlar dette ikkje berre om å oppfylle krav, men om å ta ansvar for korleis vi driv verksemda vår – både overfor kundar, tilsette og samfunnet rundt oss.

Gjennom sertifiseringa dokumenterer vi at vi arbeider målretta med mellom anna arbeidsmiljø, innkjøp, energi, transport og avfallshandtering, og at vi kontinuerleg søkjer forbetringar.

Som rådgivande ingeniør- og takstmiljø ønskjer vi å vere ein ansvarleg samarbeidspartnar for kundane våre, samtidig som vi bidreg til ei meir berekraftig utvikling i regionen.

Ny mann på laget - meir kompetanse som kjem kundane til gode 👏🏼Vi ønskjer Tore Sætre Orten velkomen til Mulvik AS.Tore e...
01/06/2026

Ny mann på laget - meir kompetanse som kjem kundane til gode 👏🏼

Vi ønskjer Tore Sætre Orten velkomen til Mulvik AS.

Tore er geomatikar og skal arbeide med oppmåling, kartlegging og andre geomatikkrelaterte oppgåver hos oss. Han kjem inn med verdifull kompetanse som styrkjer fagmiljøet vårt og gjer oss endå betre rusta til å hjelpe kundane våre.

Vi er svært glade for å få Tore med på laget og ser fram til samarbeidet.

Velkomen til Mulvik, Tore!

Stolt av å vere ein del av takseringsyrketNRK har laga ein flott episode om takseringsyrket i serien Yrket mitt. Her får...
21/05/2026

Stolt av å vere ein del av takseringsyrket

NRK har laga ein flott episode om takseringsyrket i serien Yrket mitt. Her får du eit innblikk i eit fag som handlar om kompetanse, ansvar og tillit – frå bustad og skade til næringseigedom.

Takstingeniørar vurderer store verdiar og bidreg til tryggare avgjerder for både privatpersonar, næringsliv og samfunnet elles.

Vi i Mulvik er stolte av å vere ein del av dette fagmiljøet.

Sjå episoden her:

Er du nøyaktig og har et skarpt øye for detaljer i tillegg til å være pålitelig og rettferdig i dine vurderinger? Kanskje du skulle bli takstingeniør?

VI OPNAR AVDELINGSKONTOR PÅ NORDFJORDEID🤩🥳- Nordfjordeid er eit område med stor aktivitet og fleire større utviklingspro...
24/04/2026

VI OPNAR AVDELINGSKONTOR PÅ NORDFJORDEID🤩🥳

- Nordfjordeid er eit område med stor aktivitet og fleire større utviklingsprosjekt i åra som kjem. For Mulvik er det viktig å vere til stades der utviklinga skjer, seier dagleg leiar Bjørn Egil Espenakk i Mulvik AS.

I mars vart vi tildelt ein rammeavtale med Stad kommune på tilstandsvurdering og takseringstenester. Avtalen har ei varigheit på fire år, og ei maksimal ramme på 1,3 millionar kroner.

Som ein del av utviklinga i Mulvik og den vidare satsinga vår i Nordfjord, etablerer vi snart avdelingskontor i Osvegen 10 på Nordfjordeid - i dei same kontorfasilitetane som Vågegruppa og Lefdal Invest.

- Dette er ei naturleg og strategisk satsing for oss. Vi ser eit aukande behov for våre tenester i området, og ønskjer å vere meir tilgjengelege lokalt. I tillegg handlar dette om samarbeid. Vi har eit godt samspel med både Vågegruppa og Lefdal Invest AS, og har tru på å byggje sterke fagmiljø lokalt, legg Espenakk til.

Mulvik AS tilbyr eit breitt spekter av tenester innan rådgivande ingeniørfag. I Nordfjord vil selskapet arbeide med tilstandsvurdering og taksering, prosjektering og prosjektleiing, samt tenester innan plan, VA og oppmåling.

- Etableringa av avdelingskontoret legg til rette for tettare oppfølging av både eksisterande og nye kundar. Samstundes styrkar rammeavtalen med Stad kommune grunnlaget for satsinga vår på Nordfjordeid. Vi ser fram til eit godt samarbeid med Stad kommune og andre aktørar i regionen, seier Espenakk.

Når avdelingskontoret på Nordfjordeid opnar, startar vi tida på den nyaste klokka på veggen😎⏰

Mulvik har vunne rammeavtale med Stad kommune innan tilstandsvurdering og takseringstenester!🥳I sterk konkurranse med so...
07/04/2026

Mulvik har vunne rammeavtale med Stad kommune innan tilstandsvurdering og takseringstenester!🥳

I sterk konkurranse med solide fagmiljø vart vi valde – noko vi ser på som ei tydeleg anerkjenning av kompetansen, kvaliteten og gjennomføringsevna i teamet vårt.

Avtalen har ei varigheit på opptil 4 år og har ei maksimal ramme på 1,3 millionar kroner. Den omfattar tilstandsvurdering og taksering av eigedomar innan bustad, næring og landbruk – inkludert både tilstandsrapport og verdisetting.

– Vi takkar for tilliten og ser fram til å bidra med fagleg tyngde, kvalitet og til vidare utvikling i regionen, seier dagleg leiar Bjørn Egil Espenakk.

Dette gir eit solid fundament for vidare vekst – og vi gler oss til fortsetjinga!🤩

Vi er på messa Inspirasjonstryn i Stryn i helga🤩  Kom gjerne innom og ta ein prat om ditt neste prosjekt!🏡👩🏼‍💻✍🏼🪚Opnings...
06/03/2026

Vi er på messa Inspirasjonstryn i Stryn i helga🤩 Kom gjerne innom og ta ein prat om ditt neste prosjekt!🏡👩🏼‍💻✍🏼🪚

Opningstidene er fredag kl. 14-16 og laurdag kl. 11-16.

FAGLEG PÅFYLL PÅ SKADEKONFERANSEN 🏡🏚️Robin Urke, Ottar Magne Skare og Roger Ove Steinnes frå Mulvik AS er til stades på ...
13/02/2026

FAGLEG PÅFYLL PÅ SKADEKONFERANSEN 🏡🏚️

Robin Urke, Ottar Magne Skare og Roger Ove Steinnes frå Mulvik AS er til stades på Norsk takst Skadekonferanse i Oslo 12.-13. februar. Eit kjekt avbrekk i kvardagen for folka våre på skadetaksering!

Vi er medlem av Takstnett, og stiller derfor med folk som både bidreg under konferansen, og som får fagleg påfyll. Ottar hadde mellom anna føredrag om skadetaksering fredag😄👏🏼

Treng du hjelp til taksering? Kontakt oss gjerne for ein uforpliktande og hyggeleg prat. Du kan lese meir om våre tenester innan taksering her👇🏼

https://www.mulvik.no/avdelingar/taksering/

☎️ 700 74 990
💻 [email protected]
Eller skriv til oss på Facebook👍🏼

For dei som ønskjer å lese meir om Norsk Takst Skadekonferanse, så finn de informasjon her: https://www.neak.no/kurs/norsk_takst_skadekonferanse/

11/02/2026

VI STYRKAR AVDELINGA VÅR I STRYN💪🏼⭐️

Sidan 2019 har vi drive avdeling i Stryn, med fokus på taksering. På grunn av auke i førespurnadar på prosjektering og byggesøknadar innan byggenæringa, satsar Mulvik no meir på avdelinga i Tonningsgata 27.

- Vi får fleire og fleire førespurnadar frå Stryneområdet, og ser at kundane gir oss meir og meir tillit. Med stryning og sivilingeniør Leif-Erik Flo Hoem i spissen på avdelinga vil vi vere den fyrste folk tenkjer på når dei skal utvikle ein eigedom eller eit område, seier dagleg leiar Bjørn Egil Espenakk og held fram:

- Leif-Erik er ein fagleg sterk person som ser løysingar i staden for utfordringar, og som bidreg med kompetanse innanfor byggesøknadar, og prosjektering av større bygg og næringsutvikling, held Espenakk fram.

STØRRE FAGMILJØ OG FLEIRE TILSETTE

- Folk får ofte ein ide om noko dei vil få til, anten det gjeld områdeutvikling eller utvikling av eigedom. Allereie i starten av denne prosessen vil Mulvik kome inn og bistå deg som søkjar inn mot kommunen. Vi kan bistå med planarbeid, søknadar, byggeteknikk, byggeleiing, taksering, infrastruktur og enda meir, seier Hoem.

Mulvik skal styrke avdelinga i Stryn med fleire fagtilsette, og skape eit større fagmiljø lokalisert i Stryn.

- Vi ser at det er god aktivitet, skaparkraft og gründerkultur i Stryn som er spesiell. Og vi ser at det er mange lokale aktørar som har eit ønskje om å utvikle eigedomane og landarealet, som vi ønskjer å tilby våre fagtenester til, legg Hoem til.

Lokalt forankra - fagleg leiande.
Hovudkontor i Volda, delkontor i Stryn og Nordfjordeid.

Rådgjevande ingeniørtenester med profesjonelle løysingar innan prosjektering, planarbeid, kommunalteknikk, oppmåling, byggleiing, verdivurdering og taksering.

«Byggebransjen har gått inn i ei rolegare tid, og også rådgjevar- og konsulentmiljøa på Nord-Vestlandet merkar at det er...
10/02/2026

«Byggebransjen har gått inn i ei rolegare tid, og også rådgjevar- og konsulentmiljøa på Nord-Vestlandet merkar at det er færre prosjekt å springe etter. Hos Mulvik i Volda vel dei no å bruke «dødtida» til å rigge seg for neste oppsving», skriv Møre-Nytt i dette gode intervjuet med dagleg leiar Bjørn Egil.

Les gjerne!👇🏼



Sjekk ut den nye heimesida vår: https://www.mulvik.no/
Og ta gjerne kontakt for ein hyggeleg prat her på Facebook, e-post: [email protected] eller på telefon: 700 74 990😃

Byggebransjen har gått inn i ei rolegare tid, og også rådgjevar- og konsulentmiljøa på Nord-Vestlandet merkar at det er færre prosjekt å springe etter. Hos Mulvik i Volda vel dei no å bruke «dødtida» til å rigge seg for neste oppsving.

Adresse

Holmen 7
Volda
6100

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:30
Tirsdag 08:00 - 15:30
Onsdag 08:00 - 15:30
Torsdag 08:00 - 15:30
Fredag 08:00 - 15:00

Telefon

70074990

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Mulvik As legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Mulvik As:

Snarveier

Del