18/08/2026
Visste du at dei største hydrogendrivne fergene i verda blir ferdigstilte ved Myklebust Verft i Gursken? ⛴️💯 Altså, how cool is that?
Desse framtidsretta fartøya skal trafikkere Vestfjorden i Nordland og representerer eit viktig steg mot meir berekraftig sjøtransport. Prosjektet viser kva som er mogleg når norske maritime miljø samarbeider om ny teknologi og grøne løysingar💚
For oss i Gjerde Rør er det ekstra kjekt å få vere ein del av eit prosjekt som set både Sunnmøre og norsk maritim kompetanse på verdskartet.
Slike prosjekt viser styrken i samspel mellom ulike fag og verksemder. Når leiande miljø innan design, teknologi, produksjon og maritime tenester arbeider mot eit felles mål, blir det skapt verdiar og synergiar som løftar både prosjektet og næringa som heilskap!
Dei neste to dagane møtast ei mengd fagfolk under Nor-Fishing i Trondheim, kanskje vil det også skape nye spennande oppdrag for verksemder på Sunnmøre 💯
Torghatten Nord skal forresten drive sambandet over Vestfjorden mellom Bodø, Røst, Værøy og Moskenes ⛴️ Enda ein god grunn til å besøke den nordlege delen av landet vårt 🙌🏻
Ta gjerne kontakt om du vil høyre meir - eller om du treng dyktige fagfolk til ditt neste prosjekt 🧑🏻🔧
www.gjerderor.no
Filmsnutt: Møre Media