Bøahagen

Bøahagen Bøahagen skal bygge ut 50 leilegheiter på ei av Stryn sine beste tomtar I BØAHAGEN skal det vere godt å bu.

Bilen vert parkert i parkeringskjellaren, og elles er det bilfritt. Frå parkeringskjellaren kjem ein til kvar etasje via heis eller innvendige trapper. På taket av parkeringskjellaren ligg hjertet i BØAHAGEN og det som har gjeve prosjektet namn - den flotte hagen med gangvegar, plenar og møteplassar. Vi har eit sterkt ynskje om at bebuarane i BØAHAGEN skal finne seg godt til rette. Hagen skal vere

universell og tilgjengeleg for alle uansett alder og livssituasjon. Dette skal vere ein plass der ein kan ta med kaffikoppen og møte sine gode naboar for ein prat i hyggelege omgjevnadar, med sittegrupper og leikeapparat for dei aller minste. I det sørvestlige hjørnet av BØAHAGEN, med flott utsikt over sentrum og fjorden, ligg leikeplassen for dei litt større barna. Her vil det vere sandkassar, leikestativ og ein liten ballplass. Her kan barna leike i trygge omgjevnadar i eigen hage.

Adresse

Bøabakkane
Stryn
6783

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bøahagen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Bøahagen:

Snarveier

Del