Arkitektkontoret 4B

Arkitektkontoret 4B Du finn Arkitektkontoret 4B i Linesbygget på Fosshaugane Campus i Sogndal. Vi ønskjer å vere ein ryddig og løysingsorientert samarbeidspartnar.

Arkitektkontoret 4B held til på Fossahaugane Campus i Sogndal og er 6 engasjerte og nytenkande arkitektar som arbeider med ulike typer bygg og utviklingsarbeidet. Enklaste måten du finn oss, er å gå inn i Linesbygget ved Idrettssenteret og gå opp trappene til venstre til 3.etg. Då du er komen heilt opp til idrettsfag, tek du til venstre og der kan du sjå vårt kontor. Arkitektkontoret 4B har ein op

pdragsportefølje som omfattar næringsbygg, offentlege bygg, bustader/hytter, restaurering, programmering og reguleringsplanar. Vi har og utført meir spesialiserte oppdrag som kraftstasjonar, ferjebygg og fotballarenaer. Arkitektkontoret 4B er ein solid kunnskapsleverandør som med utgangspunkt i oppdragsgjevar sine behov arbeider målretta for at det endelege resultatet skal nå eit høgt arkitektfagleg nivå. Arkitektkontoret 4B har sidan 2006 hatt kontor på Fosshaugane Campus i Sogndal, eit av vestlandets største kunnskapsmiljø. Kontakt oss:

Guri Fonsdal
Tlf: 57 62 77 55
[email protected]

Heidi-Kathrin Osland
Tlf: 57 62 77 52
[email protected]

Ifeta Rajic
[email protected]

Vedrana Rajic
[email protected]

Sissel Seim
[email protected]

Lise Messelt Fadnes
[email protected]

Sommaravslutning med gjengen i vakre Balestrand – med god mat og hyggeleg stemning på Ciderhuset 🍎☀️ Ei lokal anbefaling...
03/07/2026

Sommaravslutning med gjengen i vakre Balestrand – med god mat og hyggeleg stemning på Ciderhuset 🍎☀️ Ei lokal anbefaling me gjerne deler!

Me hadde fleire stopp på vegen utover for å innom tidlegare prosjekt, smått og stort. Rakk til og med eit besøk hjå tidlegare kollega Ove Nes som bur idyllisk til i fjøra, compact living i Strandavegen!

Me ser fram til alt som ventar til hausten, til då ynskjer me dykk alle ein riktig god sommar! ☀️

I godt samarbeid med Årdal Jeger- og Fiskerforening har me utarbeida planskisser for nytt HCWC og varmbu på Holsbru den ...
22/06/2026

I godt samarbeid med Årdal Jeger- og Fiskerforening har me utarbeida planskisser for nytt HCWC og varmbu på Holsbru den siste tida, der omgjevnadane og naturen er inspirasjon for utforminga. Materialbruken er vald for å spegle landskapet og skape eit naturleg samspel. Anlegget blir knytt til fiskestien og vatnet, med universell tilkomst som inviterer til bruk av området. Målet er å skape ein funksjonell og inkluderande møteplass som styrkjer opplevinga av Holsbru og Holsbruvatnet med sine eksisterande aktivitetar.

Årdal kommune har gjeve dispensasjon for prosjektet og me håpar bygginga snart er i gang!

Fjordheim på Leikanger tek form. Vi vurderer bruk av fasadetegl i kombinasjon med tre, ein varm farge- og materialbruk v...
10/06/2026

Fjordheim på Leikanger tek form. Vi vurderer bruk av fasadetegl i kombinasjon med tre, ein varm farge- og materialbruk vil stå godt til bygningsmiljøet på Leikanger.

I dag feirar vi vår kjære, flotte og dyktige leiar, Heidi Kathrin Osland, som fyller heile 60 år (kven skulle tru det)! ...
28/05/2026

I dag feirar vi vår kjære, flotte og dyktige leiar, Heidi Kathrin Osland, som fyller heile 60 år (kven skulle tru det)! 🥳

Gjennom mange år har du vore ein viktig del av utviklinga av det bygde miljøet i Sogndal. Med fagleg tyngde, engasjement og god forståing for både politikk og prosessar har du fått mange prosjekt frå idé til røyndom.
Vi set stor pris på å ha ein så dyktig, stødig og engasjert leiar og kollega rundt oss i kvardagen!

Du er med på å gjere Sogndal til ein endå betre plass 🏘️

Gratulerer så mykje med dagen — vi håpar du får ei flott feiring! 🌸 bilete frå feiring med gjengen i 4B både på tirsdag og i dag🎂

I går hadde me besøk av dyktige Mathilda som går i 9. klasse Bergen. Ho var på utplassering og fekk vere arkitekt for ei...
20/05/2026

I går hadde me besøk av dyktige Mathilda som går i 9. klasse Bergen. Ho var på utplassering og fekk vere arkitekt for ein dag, og laga si draumehytte. Me fekk og litt hjelp av KI til å sjå korleis den kunne sett ut i verkelegheita. Takk for besøket og lykke til vidare hjå Norconsult Sogn og Fjordane!

Stas med løyve til tilbakeføring av fasadene til det Gylne Hus i Balestrand. Balestrand er mellom dei best bevarte tetts...
18/05/2026

Stas med løyve til tilbakeføring av fasadene til det Gylne Hus i Balestrand. Balestrand er mellom dei best bevarte tettstadene på Vestlandet. Takk til Terje Thorsnes og Stian Hellebust for at de har sett eit særleg fokus på kulturminnevern i denne saka.

Norconsult Sogn og Fjordane har hatt hand om sjølve byggesaka.

Skogen Eigedom sin detaljplan for Porsmyrvegen 8 vart vedtatt i dag 18. mai og med det er 12 fine einebustadtomter med f...
18/05/2026

Skogen Eigedom sin detaljplan for Porsmyrvegen 8 vart vedtatt i dag 18. mai og med det er 12 fine einebustadtomter med fellesområde og leikeareal på Kaupanger ferdig regulert. Reguleringsarbeidet vart starta opp i 2019 og me er takknemlig for at Arne Abrahamsen fekk ansvar og losa planen trygt i mål.

Velkom til oss Julie! Med deg på laget har vi fått styrka vår kompetanse innan prosjektutvikling og visuell kommunikasjo...
14/03/2026

Velkom til oss Julie! Med deg på laget har vi fått styrka vår kompetanse innan prosjektutvikling og visuell kommunikasjon, men ikkje minst er du ein dyktig formgjevar og ein strålande energibunt! 🌿😊

Knapt ein månad er gått sidan Einar Halvorsen og Julie Romslo var på plass i Sogn. Her skal ho forma bygdene våre, medan han regulerer elvene.

Adresse

Fosshaugane Campus
Sogndalsfjøra
6856

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Arkitektkontoret 4B legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Arkitektkontoret 4B:

Snarveier

Del