Uppstad VVS as

Uppstad VVS as Rørleggermester med avdelinger på Rysstad og Hovden. Vi utfører arbeid i hele Setesdal 😄

10 år med Helge - tidenes lagspelar! 👏🔧Denne sommaren markerer vi ei heilt spesiell milepåle. Uppstad VVS har halde på i...
10/07/2026

10 år med Helge - tidenes lagspelar! 👏🔧

Denne sommaren markerer vi ei heilt spesiell milepåle. Uppstad VVS har halde på i 11 år, og Helge har vore med i 10 av dei.

Alle bedrifter skulle hatt ein mann som Helge. Han seier aldri nei, stiller alltid opp og tek i eit ekstra tak når det trengst. Han er den som held hovudet kaldt når det sprutar som aller mest.

Tusen takk for innsatsen, lojaliteten og den gode arbeidsmoralen gjennom alle desse åra. Vi set så stor pris på deg 🫶🏼

Her får de eit lite album med bilete frå dei siste 10 åra - mange gode minne, mykje arbeidsglede og mange kjekke stunder saman.

Vi ønsker Helge, kundane våre og alle andre ei riktig god og fortsatt fin sommar! ☀️

Ferien nærmar seg, og då må alle mann til pumpene for å bli ferdige med det som må gjerast.Vi har folk på jobb så godt s...
07/07/2026

Ferien nærmar seg, og då må alle mann til pumpene for å bli ferdige med det som må gjerast.

Vi har folk på jobb så godt som heile ferien, klare til å hjelpe deg både i Brokke og på Hovden. Så ikkje ver redd for å ta kontakt☎️

Uppstad VVS ønskjer dykk alle ein fin, trygg og lekkasjefri sommar! ☀️

Siste hytta i øvre Setesdal?Denne hytta er meir enn berre eit byggeprosjekt for oss. Ho representerer arbeid, investerin...
29/05/2026

Siste hytta i øvre Setesdal?

Denne hytta er meir enn berre eit byggeprosjekt for oss. Ho representerer arbeid, investeringar og framtidstru - ikkje berre for vår bedrift, men for mange lokale aktørar som gjennom fleire år har bygd opp kompetanse, arbeidsplassar og verksemd med utgangspunkt i utviklinga av Setesdal.

Dei siste åra har villreinforvaltninga i Setesdal Vesthei og Setesdal Austhei fått stadig større merksemd. Fagmiljø og styresmakter peikar på at villreinen er under press frå samla menneskeleg aktivitet, og det blir no vurdert fleire tiltak for å betre forholda i villreinområda. Mellom tiltaka som er diskuterte, finn ein mellom anna strengare vurderingar av vidare hytteutbygging og aktivitet i sårbare område.

Me har stor respekt for naturen og villreinen. Fjella våre er ein del av identiteten til Setesdal, og det er viktig å sikre at komande generasjonar også får oppleve levande villreinstammer og urørt natur.
Samtidig er det vanskeleg å sjå bort frå konsekvensane dette får for lokalsamfunna. Mange bedrifter har investert millionar i maskiner, utstyr, lager og arbeidsplassar basert på dei planane og rammevilkåra som har lege til grunn gjennom mange år. Når framtidige prosjekt blir usikre eller sette på vent, skaper det uro langt utover sjølve byggebransjen. Ringverknadene treff handverkarar, transportnæring, varehandel, serviceverksemder og mange andre som er avhengige av aktivitet i dalen.

For oss handlar dette ikkje om å setje natur og næringsliv opp mot kvarandre. Tvert imot handlar det om å finne løysingar som tek vare på begge delar. Setesdal treng ei forvaltning som både vernar naturverdiane og gjev grunnlag for levande bygder, arbeidsplassar og framtidig verdiskaping.

Me håpar difor at dei vidare prosessane blir prega av dialog, lokalkunnskap og ei heilskapleg forståing av kva desse avgjerdene betyr - både for villreinen og for menneska som bur og arbeider her ❤️

Endeleg vår - og me er i gong med nye prosjekt ☀️Ekstra flott å jobbe i slike omgjevnader som her frå Haugeland i Brokke...
27/05/2026

Endeleg vår - og me er i gong med nye prosjekt ☀️

Ekstra flott å jobbe i slike omgjevnader som her frå Haugeland i Brokke. Her bygger me nytt vass- og avløpsanlegg. Me skal òg levere infiltrasjon, borehol for varmepumpe og golvvarme 😁

Talast! 📱

Vurderar du Jets? Då er tida no 😊No er det kampanjetider, og du kan sikre deg eit godt tilbod.Ta kontakt for eit komplet...
13/04/2026

Vurderar du Jets? Då er tida no 😊
No er det kampanjetider, og du kan sikre deg eit godt tilbod.

Ta kontakt for eit komplett og uforpliktande tilbod 🤝🏼

No er Valle kultursenter overlevert, og det er stas å sjå resultatet av alt arbeidet som ligg bak 😊Her har vi levert eit...
26/02/2026

No er Valle kultursenter overlevert, og det er stas å sjå resultatet av alt arbeidet som ligg bak 😊

Her har vi levert eit omfattande og framtidsretta anlegg. Det er installert varmepumper med ein samla kapasitet på 410 kW, brønnpark med utvendig pumpe og fjernvarmerøyr. Vi har etablert ny varmesentral som sørger for oppvarming av skule, idrettshall og symjehall - eit solid fundament for drift i mange år framover.

I symjehallen har vi montert eit nytt og moderne dusjanlegg, renovert røyranlegg med naud­dusj og sanitær etter gjeldande krav, samt levert nytt sanitæranlegg.
Bygget har òg fått kjøkken og storkjøkken med oppkopling av dampomnar og anna utstyr, i tillegg til kjøl- og frysarrom.

Vi har lagt nytt røyrsystem for takvatn og etablert snøsmelteanlegg utandørs - praktisk, driftssikkert og klart for vintrar i Setesdal.

Vi takkar PK Entreprenør for godt samarbeid gjennom prosjektet, og gratulerer Valle kommune med eit verkeleg flott bygg 😊💐

Adresse

Rysstad Industriveg 8
Rysstad
4748

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Uppstad VVS as legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Uppstad VVS as:

Snarveier

Del