Bergseng Arkitektur

Veibeskrivelse Nettsted

Bergseng Arkitektur Sidan 2011 har Bergseng Arkitektur jobba med å skape gode bustader over heile Noreg.

Med vår hjelp vil ditt prosjekt få smart utnytting, betre energimessige løysingar, framheve lokale kvalitetar og ta omsyn til klimatiske høve.

08/09/2026

S T Å R P U T T E N @ Open House Oslo !

Kom å sjå huset vi har teikna i skogen, søndag 13. september mellom kl 15-18!

Her er link med meir informasjon om huset og korleis du kan kome deg dit:
https://sl1nk.com/q5FJCAq

Stårputten er ein einebustad i massivtre på Sørbråten i Oslo som vart ferdigstilt i 2025. Huset følgjer terrenget og søker seg mot utsikta mot Maridalsvannet frå det høgaste punktet på tomta. Fleksible løysingar gjer at bustaden enkelt kan tilpassast skiftande behov gjennom ulike livsfasar.

Vi ville gjerne gi huset varierande romhøgder, som både er med på å skape spennande romopplevingar samtidig som at det gav rom for fleire etasjer. Huset er bygd av massivtreelement, utan plast i veggane, som gir eit sunt inneklima. Massivtreet er eksponert i interiøret saman med ein tilpassa fargepalett på gipsveggar det det var behov for det.

Håpar vi sjåast!

T O R S T Ø LPlassert på ei høgde med nydelig utsyn over skog og fjelltoppar står dette huset frå 1988. Huset hadde alle...
27/08/2026

T O R S T Ø L

Plassert på ei høgde med nydelig utsyn over skog og fjelltoppar står dette huset frå 1988. Huset hadde allereie mange gode kvalitetar, slik som rause vindauge mot utsikta, men også stor potensial for betringar.

Ulempene var at det var dårlig utnytting av kjellaretasjen, og at stove/kjøken var nokså kompakte og utdaterte. Den eksisterande terrassen hadde eit rekkverk som kom i veia for utsikta inne frå stova, i tillegg hadde den kun ei smal trapp ned til hagen. Terrassen stengde også av for utsikta frå den lille kjellarstova. Hovudinngangen gjekk via ein garasje, som gjorde tilkomsten mørk.

Vi valde å flytte alle soveromma ned til kjellaren, men ved å fjerne terrassen fekk begge soveromma godt med dagsljos. I hovudetasjen valde vi å flytte kjøkenet til det sør-austlege hjørnet, med store vindauge. Mot sør-vest fekk vi bygd eit lite tilbygg som vil vere eit fleksibelt rom for heimekontor/yogarom/gjesterom.

H Å T OHer har vi gjort om på eit husbankhus frå 1977, eit tidstypisk ferdighus. Huset har store, rause vindauge mot den...
25/08/2026

H Å T O

Her har vi gjort om på eit husbankhus frå 1977, eit tidstypisk ferdighus. Huset har store, rause vindauge mot den luftige utsikta med Reinheimen og Lesjabygda i vest. Heile langsida i hovedetasjen er opphaldsrom, med eit nytt framskott karnapp i midten. Dette karnappet dannar også ei overdekning ved hovudinngangen. Mot hagen ligg det to soverom, bad og grovkjøken.

Tilgangen til hagen og skogen mot aust var dårleg. Det har vi løyst med å erstatte den gamle, smale og mørke trappa med ei brei amfitrapp med ein ny utgang frå eit romsleg og ljost repo. Hagen har dermed god tilgang får båe etasjar.

Underetasjen blir til opphaldssonen for borna i familien, med soverom og TV-stove. I tillegg får familien eit romsleg aktivitetsrom med vaskerom og massevis av oppbevaringsplass.

L J O S H A U G E NEin familie på fire flytta tilbake til heimbygda si etter nokre år i byen. Huset er oppført under kri...
23/08/2026

L J O S H A U G E N

Ein familie på fire flytta tilbake til heimbygda si etter nokre år i byen. Huset er oppført under krigen i 1941 og seinare bygd på i fleire omgangar. Den har skogen som næraste nabo mot aust og ei fantastisk utsikt vestover mot Lesja. Desse kvalitetane ønskte familien å nytte seg betre av.

Eit avgjerande grep i prosjektet var etableringa av to nye takarker, som vil gjere andre etasje lysare og meir brukbar. Etasjen skal bli familiens private sone, med soverom og ei lys og luftig loftstove plassert i midten ved trappa.

I første etasje var fleire rom vend bort frå utsikta. Det same gjaldt kjøkenet, som låg avskore frå resten av huset i eit hjørne. Desse romma blir no vende mot vest slik at bustaden i større grad får utnytta kvalitetane tomta har å by på.

B L Å G R Ø N E H U S E TI Fjellknattveien fekk vi teikna ein heilt ny tomannsbolig plassert i ei vestvendt fjellside, m...
20/08/2026

B L Å G R Ø N E H U S E T

I Fjellknattveien fekk vi teikna ein heilt ny tomannsbolig plassert i ei vestvendt fjellside, med vakkert vidsyn ut over Oslo og Maridalsvatnet. Huset er bygd i massivtre, og konstruksjonen er ein del av dei ferdige innvendige overflatene.

Bygget er delt opp i to bygningskropper med eit lavare mellombygg. Boenhetene er tilpassa sin del av tomten, mtp utsyn og lysforhold. For å gi ytterlegare karakter til kvar del, valde vi også å gi dei kvar sin farge. Mellombygget har liggande, mørkt panel og store glasfelt som gjer at ein i større grad opplever dei som separate einingar.

Tomta ligg i ei vestvendt fjellside, med utsikt over heile Oslo og Maridalsvannet. Denne får bebuarane god kontakt med gjennom store vindauge.

F U G L E H U S E TEi hytte i skogen og eit frittståande anneks er blitt utgangspunktet for ein ny einebustad. Mellom de...
18/08/2026

F U G L E H U S E T

Ei hytte i skogen og eit frittståande anneks er blitt utgangspunktet for ein ny einebustad. Mellom dei to eksisterande bygningane er det lagt eit nytt volum som bind dei saman og dannar eit lite tun – ein ny heim for ein ornitolog og familien hans.

Tomta ligg lågt i terrenget, omgjeven av høge tre. Eit viktig utgangspunkt for prosjektet var derfor å koma opp i lyset og få litt utsyn. I staden for å leggje opphaldsromma på bakkeplan, er det store kjøkenet og allrommet løfta til andre etasje. Her opnar huset seg mot ein terrasse mellom den nye og den gamle delen. Slik blir andre etasje eit lyst og ope samlingspunkt, heva over terrenget og med eigen utvendig trapp ned til terrenget.

Den gamle hytta får behalde funksjonen som den gode, lune stova – eit rom med ein annan karakter enn dei nye delane av huset. Dei ulike bygningane og romma er kopla saman gjennom ein serie halvplan, som følgjer terrenget og skaper eit hus med fleire nivå og ulike romlege opplevingar.

K I L L IEit gammalt fjos i dalsida på Dovre i Gudbrandsdalen har vorte gjort om til eit animasjonsstudio. Anita Killi e...
16/08/2026

K I L L I

Eit gammalt fjos i dalsida på Dovre i Gudbrandsdalen har vorte gjort om til eit animasjonsstudio. Anita Killi er ein prisbelønt animasjonsskapar og held til på familiegarden Killi og både bur og arbeider herifrå. Tanken om å gjera om fjoset til filmstudio hadde ho hatt lenge, og i 2018 hamna den på teiknebordet vårt. Studioet sto ferdig i 2023.

Gjenbruk sto høgt i prosessen, og mange element frå fjoset vart brukt i den nye innreinga, mellom anna er delar av fjosinnreiinga og mjølkeanlegget vart gjenbrukt som rekkverk og handløparar. Vi fekk også tatt i bruk ei dør frå gamle Dovre togstasjon som var teikna av Arnstein Arneberg, som bestefaren til Ola og Anita har bygd.

Studioet består av fleire fleksible rom, som har kvar sine kvalitetar; frå det store lyse hovedrommet, til mindre studio utan vindauge. Det er lagt til rette for samarbeid og sosialisering, og privat og isolert arbeid.

R U L L E S T E I N E NSommaren 2021 var vi så heldige å bli kontakta av statsforvalteren i Innlandet fylkeskommune for ...
14/08/2026

R U L L E S T E I N E N

Sommaren 2021 var vi så heldige å bli kontakta av statsforvalteren i Innlandet fylkeskommune for å teikne det nye utkikkstårnet i anledning 100-års jubileum for Fokstumyra naturreservar på Dovrefjell.

Konseptet tek inspirasjon frå steinane som vart flytta til området under istiden. Rullesteinen er ein trekonstruksjon, men vil frå avstand sjå ut som ein kampestein.

Måten vi gjekk fram på med fundamenteringa var at vi fekk målt inn steinane på tomten, med eksakt høgde. Desse fekk vi deretter teikna inn i 3D-modellen vår, og lot dei bli førande for der pælene treffer bakken.

Rullesteinen dannar eit amfi som ser sør-austover, mot eit lite tjern. Amfiet tek deg så opp til to høgare nivåar som gjev vidsyn utover landskapet.

Adresse

Jens Bjelkes Gate 15
Oslo
0562

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Bergseng Arkitektur legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Snarveier

Del