07/04/2026
Naustdal Maskin AS er konkurs!
Selskapet har sidan etableringa i 2013 hatt ei god utvikling og opparbeidd seg eit solid omdøme som ein seriøs og dyktig entreprenør. Vi er takksame for tilliten vi har fått frå kundar, samarbeidspartnarar og leverandørar gjennom alle desse åra.
Den viktigaste ressursen vår har vore dei tilsette. Sjølv om vi ikkje lukkast med å vidareføre drifta, har deira innsats, faglege styrke og stå-på-vilje vore avgjerande for det vi har fått til. Det er difor særleg tungt at dei no blir råka av situasjonen.
Årsaka til konkursen er i hovudsak knytt til sjukdom, kombinert med eit svært krevjande marknadsbilete med auka kostnader, høgare finansielle belastningar og redusert oppdragsmengder.
Samtidig blir det no arbeidd med å vurdere moglegheiter for ny drift i ein annan struktur, med mål om å kunne ivareta tilsette, kompetanse og kundar vidare.
Vi vil rette ei oppriktig takk til alle som har vore ein del av reisa.