09/08/2026
Me treng ny kollega!
Den eine sjåføren ynskja nye utfordringar og me har difor ei ledig stilling hjå oss som lastebilsjåfør!
Kven me ser etter?
- Me ynskjer deg som trives bak rattet på lastebil, ofte med henger på slep. Du må trivas med varierte dagar og variert kjøring.
- Deg som er ein likandes person som er glad i til tider hektiske dager, men likevel relativt ordinære arbeidstider.
- Deg som kommuniserer godt med våre trivelige kunder og forstår at me jobbar i eit serviceyrke.
- Du som likar kjøring som ikkje er "terminal til terminal" og syntes ein "markaveg" kan vera like spennande.
Kva tilbyr me?
- Kjøring som skjer både lokalt (Jæren og omegn) og regionalt (sørlandet).
- Hovedsakelig containerkjøring, ispedd noko maskinflytjing.
- Trivelige kollegaer som bistår kvarandre og gjer at me er eit godt team saman!
- Godt utstyr for å utføra ein god jobb på sikker måte. Per d.d. Volvo FH 540. Endringar kan skje....
- Ordna arbeidstider, men noko lengre dager må påregnes i sesong for f.eks. kornkjøring.
- Moglegheit for variert arbeid om ynskjeleg (lasting og traktorkjøring), men ikkje eit krav!
- Konkurransedyktige betingelser, moderne utstyr og ryddige forhold.
Kven er me?
Gudmestad Maskin AS er ein totalleverandør av gjødseltransport, formidling og spreiing innan for tørrgjødsel på Jæren/sør-rogaland.
Me leverer og andre tenester knytt til transport som generell containertransport og maskintransport av mindre maskiner.
Paralellt driv eigar gard med eggproduksjon og livkylling.
Høyres dette spanande ut, send oss ein PM eller kontakt Tor:
Telefon: 920 59 038
E-post: [email protected]
Søknadar vurderes fortløpande.
Oppstart: Frå 01.10.26 er stillinga ledig.