14/08/2026
Vi søker prosjektleiarar i Nordfjord og Ålesund 🚧
UNU AS er i vekst og ser etter dyktige og erfarne prosjektleiarar som vil vere med vidare på reisa!
Hos oss får du ei sentral rolle i spennande bygg- og anleggsprosjekt, med ansvar, utviklingsmoglegheiter, konkurransedyktige vilkår og eit godt arbeidsmiljø.
Vi ser etter deg som har:
🔹 Erfaring med leiing og drift av byggeprosjekt
🔹 Relevant utdanning innan bygg og anlegg
🔹 God økonomisk forståing og struktur
🔹 Erfaring frå betong er eit stort pluss
🔹 Fagbrev som tømrar eller betongarbeidar er ein fordel, men ikkje eit krav
Som prosjektleiar får du ansvar for prosjekt frå start til slutt – frå planlegging og kalkulasjon til framdrift, økonomi, kvalitet og HMS.
👉 Vil du bli ein nøkkelperson i eit selskap med store ambisjonar?
📍 Nordfjord: Rune Sætren – 906 76 896 / [email protected]
📍 Ålesund: Jostein Sandøy – 992 98 689 / [email protected]
Ta kontakt for ein prat, eller send oss søknad og CV!