Alsaker Fjordbruk

Alsaker Fjordbruk Alsaker Fjordbruk er eitt av dei leiande oppdrettskonserna i Noreg, når det gjeld produksjon av laks Fokuset vårt er å gjera det me er best på!

Alsaker Fjordbruk er eitt av dei leiande oppdrettskonserna i Noreg, når det gjeld produksjon av laks. Dette betyr at me konsentrerer oss om produksjon av laks; Frå innlegg av rogn, til settefisk og vidare til matfisk og slakteri. Sluttproduktet vårt er sløyd, fersk laks i kassar for den internasjonale marknaden. I konsernet har me ein kapasitet på nærare 30 millionar settefisk og ein matfiskproduk

sjon, med utgangspunkt i 22 konsesjonar. På slakteriet vårt, Viking Fjord på Sunde i Kvinnherad, har me nyleg gjennomført ei større modernisering, som medfører ei optimalisering, bygd på den mest moderne teknologien som finns på marknaden i dag. Aktiviteten vår har sitt utspring i Sunnhordland, nærare lokalisert til Onarheim i Tysnes kommune. Her kjem friskt brevatn frå m.a. Folgefonna og møter ein av Noregs rikaste fjordsystem – Hardangerfjorden!

🐟 Laksafest på Alsaker Brygge – for 32. gong! 🍽️💃Det blir grilla laks, god musikk og dans utover kvelden 🎶📅 Fredag 31. j...
15/06/2026

🐟 Laksafest på Alsaker Brygge – for 32. gong! 🍽️💃

Det blir grilla laks, god musikk og dans utover kvelden 🎶

📅 Fredag 31. juli
📍 Alsaker Brygge

Vel møtt til ein sommarkveld med god stemning!

🚴‍♀️ Bergen–Voss for kreftsakaI helga skal Heidi sykle dei 173 kilometrane frå Bergen til Voss – og ho nyttar turen til ...
02/06/2026

🚴‍♀️ Bergen–Voss for kreftsaka

I helga skal Heidi sykle dei 173 kilometrane frå Bergen til Voss – og ho nyttar turen til å samle inn pengar til kreftsaka.

Me heier på deg, og syns det er veldig stas du vil ta turen med Alsaker Fjordbruk på ryggen!

Vil du støtte Heidi og kreftsaka? Lenke i kommentarfeltet 👇

Ute etter ein aktiv, spennande og lærerik sommar?Me meiner i alle fall at Røvær Havbrukssenter er verdt eit besøk ☀️🌊Røv...
28/05/2026

Ute etter ein aktiv, spennande og lærerik sommar?

Me meiner i alle fall at Røvær Havbrukssenter er verdt eit besøk ☀️🌊

Røvær ligg ein kort båttur frå Haugesund – ei fin øy med kjekke folk, verd å oppleve 🐟

⚓ Vikartur som kokk på brønnbåt – utreise 3. juniLikar du ein variert kvardag til sjøs – og vil ha ei nøkkelrolle i triv...
19/05/2026

⚓ Vikartur som kokk på brønnbåt – utreise 3. juni

Likar du ein variert kvardag til sjøs – og vil ha ei nøkkelrolle i trivselen om bord?

Me søkjer kokk/lettmatros til 4 vekers vikariat på brønnbåten Kristoffer Tronds.

Her får du ansvar for god, næringsrik mat til mannskapet – i eit triveleg arbeidsmiljø og med turnus 1:1 (fire vekers rotasjon)

👉 Les meir om stillinga ⬇️ og send søknad snarast!

Alsaker LFC Service - Vikartur som kokk på brønnbåt - søknad snarast Læreplassar Generell Søknad Sommarjobb/Ekstrahjelp Om du er interessert i å jobbe for

Riga nærmar seg klar for drift igjen 💪Etter ein større ombygging ligg avlusingslektaren Riga no og testar systema ved Sy...
19/05/2026

Riga nærmar seg klar for drift igjen 💪

Etter ein større ombygging ligg avlusingslektaren Riga no og testar systema ved Sydnes ferjekai i Kvinnherad. Mykje er fornya, og målet er å gi fisken ei meir skånsam reise gjennom anlegget.

Ombygginga, som vart sett i gang i februar i år, innebar mellom anna utskifting av vakuumanlegg til fiskepumpe. Optiliceren som ikkje lenger var i bruk er fjerna – ei skikkeleg rosin i pølsa for dei ombord, som no ser fram til betre plass og ein meir funksjonell arbeidskvardag på lektaren.

På Riga er dei no i sluttfasen av testinga – klare for innsats når det trengst 🐟⚓

Det går framover på Administrasjonsbygget, og i Grindabygget er det no fullt fokus på å bli klar for Laksafest i juli 🐟🎉...
12/05/2026

Det går framover på Administrasjonsbygget, og i Grindabygget er det no fullt fokus på å bli klar for Laksafest i juli 🐟🎉

Bli med inn på ein liten rundtur og sjå kva me gler oss til 👀✨

🐟 I går hadde me besøk av ein engasjert gjeng frå akvakultur VG2 ved Bømlo VGS, her på Onarheim Bruk si avdeling på Eldø...
06/05/2026

🐟 I går hadde me besøk av ein engasjert gjeng frå akvakultur VG2 ved Bømlo VGS, her på Onarheim Bruk si avdeling på Eldøyane.

Elevane fekk helsa på berggylta 🐠 og fekk eit innblikk i kvardagen på rensefiskanlegget vårt.

Me set pris på det gode samarbeidet med Bømlo VGS, og kjenner fleire av elevane gjennom praksisplass hjå oss ✨

🌱 Ekstra kjekt er det at me til hausten får ønskja to nye lærlingar derfrå velkomne!

🐟 Me er stolte av å vera ein av drivarane bak initiativet - og no ser me fram til å få planane ut av startgropa 💪
05/05/2026

🐟 Me er stolte av å vera ein av drivarane bak initiativet - og no ser me fram til å få planane ut av startgropa 💪

Godt møte i dag med folk som vil ta opp igjen tanken om bru mellom Tysnes og Huglo.
Dette er eit prosjekt som kan bety mykje for sambandet mellom kommunane våre, både for folk og næringsliv.
Eg synest det er skikkeleg bra at det no er aktørar som vil gå i gang med privat reguleringsarbeid. Det viser at det finst drivkraft lokalt – og det treng me.
Me som kommune kan ikkje finansiera alt. Men me kan leggja til rette, vera positive og bidra til at gode initiativ får moglegheit til å utvikla seg.
Dette er eit slikt initiativ.

Ein dag – to kurs – fullt fokus på kompetanse 💪I dag har det vore både førstehjelpskurs og kurs i fiskevelferd på Onarhe...
29/04/2026

Ein dag – to kurs – fullt fokus på kompetanse 💪

I dag har det vore både førstehjelpskurs og kurs i fiskevelferd på Onarheim.

Kompetente medarbeidarar er grunnmuren i alt me gjer – anten det handlar om tryggleiken til kvarandre eller helsa til fisken. Takk til alle som bidrog til ein lærerik og viktig dag!

Og for ein dag med sol, spegelblank fjord og fantastisk utsikt som ramma det heile inn ☀️🌊

✨ I hamna i dag låg ein splitter ny arbeidsbåt og venta i morgonsola ⚓️☀️I går ettermiddag putra «Marta A» nedover frå T...
22/04/2026

✨ I hamna i dag låg ein splitter ny arbeidsbåt og venta i morgonsola ⚓️☀️

I går ettermiddag putra «Marta A» nedover frå Tobias Båt, og då me kom på jobb i dag tidleg låg ho klar i hamna ✨

«Marta A» er den tredje Tobias-katamaranen i Alsaker Fjordbruk.
«Olav V» kom i februar 2025 - den og «Anna A» har fått prøve seg på fleire lokaliterer, og er no i drift på lokalitetane Ebne og Ystanes.

Nokon meiner kanskje at katamaranar ikkje er dei vakraste båtane på fjorden. Men dei gjer jobben – og det er fleire av lokalitetane våre som håper på å få ho i arbeid hjå seg 😉🌊

Adresse

Alsaker Brygge, Flakkavågsvegen 12
Kvinnherad
5694

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

+47 53 43 01 00

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Alsaker Fjordbruk legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Alsaker Fjordbruk:

Del