26/08/2025
Bli med og bygg framtida i Sogn – vi treng fleire på laget!
AH Bygg er eit solid tømrar- og betongfirma med over 30 års erfaring. Vi er 25 tilsette og omsette for 73 millionar i 2023. Med variert portefølje - frå bustader til næringsbygg og offentlege prosjekt - får du ein trygg jobb i ein bedrift i vekst.
Byggeplassleiar
Arbeidsoppgåver:
- Ansvar for dagleg drift på byggeplass i samarbeid med prosjektleiar
- Koordinere folk, materiell og underentreprenørar
- HMS-oppfølging og kvalitetssikring
- Bidra til god framdrift og dialog med kunde
Vi ser etter deg som:
- Har fagbrev innan bygg/betong, gjerne med meisterbrev eller erfaring som bas
- Har leiarerfaring frå byggeplass
- Er strukturert, tydeleg og flink til å samarbeide
Fagfolk (tømrarar og betongarbeidarar)
Arbeidsoppgåver:
- Utføre praktisk arbeid på små og store prosjekt
- Bidra til kvalitet og framdrift på byggeplassen
- Jobbe både sjølvstendig og i team
Vi ser etter deg som:
- Har fagbrev innan tømrar/betong (erfaring kan kompensere)
- Har yrkesstoltheit og nøyaktig utføring
- Likar å finne løysingar og bidra i eit godt arbeidsmiljø
Hjelpearbeidar
Arbeidsoppgåver:
- Assistere fagarbeidarar og byggeplassleiar på prosjekt
- Delta i grunnarbeid, transport og enklare oppgåver
- Bidra til orden og sikkerheit på byggeplass
Vi ser etter deg som:
- Har motivasjon til å lære bygg- og betongfaget
- Er påliteleg, samarbeidsvillig og fysisk robust
- Erfaring frå bygg er ein fordel, men ikkje krav
Lærling
Kvifor vere lærling hos AH Bygg?
- Du får tett oppfølging av erfarne fagfolk
- Varierte prosjekt gjer at du lærer breitt
- Du blir del av eit arbeidsmiljø som satsar på dei unge
- Vi har lang erfaring med å ta inn lærlingar og følgjer deg heilt fram til fagprøven
Vi tilbyr
- Fast jobb i eit solid og stabilt firma
- Gode utviklingsmoglegheiter - vi satsar på å bygge opp eigne folk
- Konkurransedyktige løns- og pensjonsordningar
- Godt arbeidsmiljø og samhald
- Firmabilordning og gode personalgoder
Søk no!
Send søknad og CV til dagleg leiar Arild Andersen på [email protected]
Har du spørsmål, ring Arild på 950 67 299
Søknader blir vurderte fortløpande - ikkje vent for lenge!