21/08/2026
Etter omtrent ei veke er vi ferdige med montasjen for første omgang 💪
Onsdag blei første bil med massivtre montert på taket under perfekte forhold 🪝☀️ Torsdag og fredag gikk med til enda fleire sperrer og meir massivtre, før dagen i dag blei brukt til montering av dei siste massivtreelementa i denne omgang, samt lossing og lagring av element fram mot siste leveranse og innspurten på montasjen om nokre veker.
Montasjen gikk over all forventning – både tidsmessig og elles. Alt i alt eit veldig spennande prosjekt å få vere ein del av! 🔨🏗️