12/06/2026
-For at mobilen skal vere eit godt arbeidsverktøy, må han vere oversiktleg og lett å bruke, slik at han dekkjer dei behova vi har i ein arbeidskvardag, fortel Amalie Hauglund. ⏱️
Sjukepleiarane Amalie Hauglund og Malene Brunborg bruker mobiltelefonen som arbeidsverktøy ved Barne- og ungdomsklinikken på Haukeland universitetssjukehus. Allereie no blir han brukt aktivt for å administrere kvardagen og følgje pasientbehandlinga. 🏥 🩺 🧒
– Det må vere lett å finne fram til kven som har kva pasientar, og lett å søkje opp kollegaer eg treng å kontakte, som er i ulike ansvarsroller. Der legg vi oss inn som ansvarlege for pasientane vi har den vakta, og vi får varsel når pasientane ringjer på, fortset Amalie. 👩⚕️ 👩⚕️
Både Malene og Amalie bruker mobilen for å følgje pasientane sitt behandlingsløp:
-Vi registrerer pasienten sitt kosthald og samhandlar med kjøkenet, og kan bestille portør. Han blir også brukt til å ta bilete av utslett og sår, som vi legg inn i pasientjournalen, og vi abonnerer på blodprøver slik at vi får varsel når svara ligg føre, seier Malene. 🛏️ 💊 🩹 🚨
På travle vakter kan det vere lite tid til dokumentasjon undervegs i vakta, eller mangel på ledige PC-ar. Draumescenarioet er difor å kunne få pasientkurva på mobil. 📈
– Dersom pasientkurva hadde vore tilgjengeleg på mobil, kunne vi dokumentert til dømes medisinar, vitale opplysningar om pasienten og væskebalanse undervegs. Då blir det lettare å følgje med på utviklinga i løpet av vakta, og ein slepp å sitje i etterkant og dokumentere frå eit ark i lomma. 📑 ⭐
Fotograf: Ingvild Festervoll Melien